Seljestad, Lars Ove Lyden av stein som flyttar seg under vatn (8203266452)
Lyden av stein som flyttar seg under vatn er ei poetisk-eksistensiell diktsamling med røter i levd liv. Boka følgjer opp den kritikarroste lyrikkdebuten Storspring. Fabrikkdikt, som kom i 2013.
I årets bok held Seljestad fram den poetiske behandlinga av produksjonsprosessen i ei rekkje skarpe og presise dikt. Samstundes utvidar han perspektivet til også sentrallyriske motiv: livet, naturen, kunsten og døden.
Samlinga inneheld store, sterke og stolte dikt som rører ved kjernen av det å vera til, av det å ha fått eit liv og ein vilje til å prøva ut ulike måtar å skape meining i livet.
«Et godt stykke ujålete Odda-lyrikk. Lars Ove Seljestad dikter stemningsfullt om alt fra småkårsfolk til nyutsprungen blåbærlyng.» Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
Nominert til LOs litteraturpris 2020