Hausten 2003 førebudde Sunnhordlands-forfattarane seg på sine Sentimentale Festforestillingar, som skulle framførast på Stord og i Bergen. I samband med dette laga fotograf Øyvind Hjelmen ei utstilling av forfattarportrett som gjekk hand i hand med forfattarane si utstilling av tekstar. Fotografen tok initiativ til å utvikle eit bokprosjekt etter same idé. Forfattarportretta vart fornya og forfattarane vart inviterte til å skirva nye tekstar. 27 forfattarar takka ja til å vera med. Dei fleste er knytte til sunnhordland med sterke band, andre kanskje med noko lausare trådar. Øyvind Hjelmen meiner at ingen lagar så gode bilete som ein god forfattar. I møte med Sunnhordlands-forfattarane har fotografen skapt sitt bilete av dei.