menu-bar All the categories

249,00 kr

Då rapgruppa Side Brok frå Hovdebygda i Ørsta gjorde entré på den nasjonale musikkscenen med rap på dialekt og tekstar inspirert av heimbygda, visste ikkje musikkbransjen kva dei skulle tru. Publikum elska dei, men var hip-hop frå Hovdebygda spøk eller alvor? Filmen Heimegutar fyl Side Brok på innsida i løpet av 6 år, gjennom opp- og nedturar, frå det store gjennombrotet til dei vender tilbake med ny plate i 2009. Eit portrett av eit unikt hip-hop-univers med fjell, fjord, råning, sprit, humor og ironi, men også om vennskap og kjærleik til orda og musikken.