menu-bar All the categories

149,00 kr 140,00 kr

Romanen Sildbøtta vart ein kritikar- og publikumssuksess da han utkom. Ungguten Teodor Skille bryt opp frå fiskarfamilien på Fosen for å starte på gymnaset i Trondheim på slutten av 1960-talet. Med seg på reisa har faren utstyrt sonen med ei bøtte spekesild. Den bøtta skaper forviklingar i møtet med byen og medelevane i klassen, men den symboliserer òg alt det Teodor ønsker å ta farvel med. Han vil erobra byen, bykulturen og bli ein annan. Han hamnar etter kvart i ei turbulent tid, kulturelt og politisk, som endar i den dramatiske EEC-kampen og folkerøystinga i 1972. Nære og vare episoder blir brote opp av burleske opptrinn, med Teodor og kjærasten Siri i sentrum.