Stefan Zweig var ein uhyre produktiv forfattar av dikt, romanar, biografiar og essay, men det er kanskje som meister i novellekunsten han har sett størst spor. Austerrikaren var høgt elska alt i si levetid, og på 1920-talet var han den mest omsette forfattaren i verda. I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Ein av dei nyaste er The Grand Budapest Hotel (2014) som smeltar saman inspirasjon frå fleire av Zweigs verk. Sjakknovelle, den mest kjende av novellene hans, ber preg av den såre krigserfaringa etter nazistanes maktovertaking i 1933. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt i 1942. Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1