Poesien til CD Wright er mørk, sexy og lada. Den har ein fot i det narrative, og ofte kan vi ane eit forløp, skimte ein situasjon - men like fort kan vi miste fotfestet og til dømes undre på kvar ho og han eigentleg befinn seg. Dette er dikt som borer seg djupt ned i eksistensen til eit plan der vald og erotikk ikkje enkelt lèt seg skilje, og der mytologi kan oppstå. For første gong på norsk. Gjendikta av Gunstein Bakke.