Boka bak filmen! Skammarens dotter er første bok i den intenst spennande Skammar-serien, som har erobra unge fantasy-elskarar i land etter land. Dina har arva den eigenskapen frå mora som gjer at alle må frykte henne: Berre med blikket kan ho få folk til å tilstå kriminelle handlingar. Når Skammaren blir kalla til Dunark-borga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina komme mora til unnsetning. Heller enn å spele helt ønskjer Dina eigentleg å vere heilt vanleg, men det går ikkje når ein er Skammarens dotter og har fått auge som ingen vanlege menneske tør å sjå inn i. Omsett av Øystein Rosse.