Nominert til Tarjei Vesaas' Debutantpris 2019Augo dine er fanga fuglar.Du lever i fluktplanar,men stoler ikkje påat dei vil kunne bera deg.Enn så lenge blir du heri stilla hjå meg.Eit gamalt, fråflytt hus, i stilla mellom glitrande snøskavlar. Her faldar handlinga i dikta seg ut, mellom eit mannleg eg og eit kvinneleg du. Dei finn nøkkelen under matta og låser opp, måkar snø frå gardsplassen, bur seg på å leva i lag.