Astrid, Cecilie og Bjørn bur i same bygard i Oslo. Dei glir inn og ut av einannans liv og lagar seg førestillingar om kven dei andre er, samtidig slit dei med å sjå seg sjølve.Cecilie får stadig viktigare oppgåver i partiet ho jobbar i, men har ikkje trua på at ho er god nok. Ho er redd ho heller ikkje duger som mor, når eksen ønsker å ta over omsorga for sonen. Astrid slit med panikkangst og eit anstrengt forhold til eigen kropp, og ho synest det er lettare å halde folk på avstand og ta sorgene på forskot. Bjørn blei offer for ei alvorleg skulding for mange år sidan. Når sonen til Cecilie oppsøker han, aner han ein ny start. Eller skal det nok ein gong gå gale?Kven er vi for dei andre, kven er vi for oss sjølve, kven er dei andre for oss?«Dette er en troverdig fortelling om hvilket psykologisk kaos som befinner seg bak tilsynelatende alminnelige fasader. En roman til å gruble over.» Inger Bentzrud, Dagbladet (Terningkast 5)«Velkomponert og tankevekkjande. (...) innfrir forventingane f