menu-bar All the categories

262,00 kr

Mangt er sagt om religion i vår tid, ut frå ulike vinklingar. Temaet i denne boka er «religion i moderne samfunn», og vinklinga er modernitetsteoretiske, i eit vitskapsfilo.sofiske perspektiv. Første kapittel handlar om forholdet mellom vitskap og religion, i eit vitskaps teoretisk perspektiv. Andre kapittel handlar om religion og ytringsfridom, slik det ter seg i moderne rettsstatar. Tredje kapittel handlar om religion og religionspolitikk i moderne og generøse velferdsstatar. Fjerde og siste kapittel drøftar eit par aktuelle bidrag i diskusjonen om religion i moderne samfunn, nemleg Jürgen Habermas' bokverk frå 2019 og ei bok om islam av den tyrkisk.amerikanske samfunnsvitaren Ahmet T. Kuru.

Gunnar Skirbekk er ein velkjend filosof. I denne boka skriv han om nokre av dei mest omdiskuterte tema her i landet i dei siste åra.