Skjulte perler i Sunnmørsalpane
Sunnmørsalpane er ei skattekiste for turgåarar og fjellfolk. På toppen av ein av dei mange tindane kan du skode utover eit alpe- og fjordlandskap du kanskje ikkje finn nokon annan stad i verda. Mange kjende fjell har godt etablerte turruter og er grundig skildra i turlitteraturen, men det er framleis mange fjell som er kvite flekkar på turkartet. Fjellturar er meir populært enn nokon gong, og Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden er i ferd med å bli gjenoppdaga for alvor, både av fastbuande og tilreisande. Hurtigruten siglar inn i fjorden og vi ser ein turismeboom i området. Bli med den lokale og fjellkjende Pål-Are Vadstein som turguide på oppdagingsferd til fjell som ikkje har opptrakka stiar. Dette er ein døropnar inn til dei ukjende delane av Sunnmørsalpane. Her kryr det av setrer, ikkje berre tindar, horn eggar og niper. Setrane utgjer ein viktig del av kulturlandskapet og eit turmål kan like gjerne vere ei seter som ein fjelltopp. I boka syner Vadstein fram dei setrane folk flest ikkj