Nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok.Diktsamling for barn av prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven. høyr! kviskrar stien hausten spring gjennom skogen stel sommaren og kjem med vinteren og sjå! gule lauv ligg og lyser på bakken det er gullmyntar som hausten har strøydd ut Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina? Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga «Eg er eg er eg er» skriv Ruth Lillegraven med finkjensle for dei små detaljane. I «Skogen den grøne» følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen - og inn i poesien. Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.