Korleis kan læraren støtta opp om elevane si skriveutvikling på de ulike faga sine premissar? Skal du verkeleg læra deg eit fag, må du læra deg språket og skrivemåtane til faget. Kvart fag har særeigne måtar å bruke språk på og fagkunnskapen blir formidla gjennom desse skrivemåtane. Naturfag har sine måtar å bruka skrift på, norskfaget har andre. Desse skrivemåtane må læraren visa elevane sine.Forfattaren presenterer ulike typar av støtte i skriveundervisninga som kan gi målretta og variert skriveundervisning i ulike fag. Ho viser korleis skriving i dei ulike faga bør skje i heilskaplege skriveprosessar knytt til den fagspesifikke tekstkulturen som finst i faget.«Skrivedidaktikk» er delt opp i ni kapittel. Det første tek for seg kva skrivekompetanse er i ulike fag og presenterer viktige prinsipp for planlegging og gjennomføring av skriveundervisning. Dei fem neste kapitla er praktiske og viser ulike måtar læraren kan byggja stillas rundt skrivinga til elevane: ved hjelp av iscenesetjin