menu-bar All the categories

179,00 kr

Anders Viken (1898 – 1977) var lærar og spelemann i Jølster i Sunnfjord. Han fekk tradisjonsmusikken tidleg inn i hovudet frå faren Ole Viken sitt felespel. Men Anders dyrka og den klassiske fiolinen ved sida av hardingfela. Konsertar han heldt i unge år vitnar om eit svært høgt nivå endå han for det meste var sjølvlærd. Han komponerte over 500 slåttar og tonestykke der han kombinerte tradisjonsrik tonekjensle med krav til klassisk fiolinteknikk. Sonen Arne Viken (1925 – 2012) tok klassisk fiolinutdanning og var til stor hjelp for spelmennene ved å halde mange kurs med faren sine komposisjonar som tema. Arne M. Sølvberg (1950) har eit velkjent namn innan norsk folkemusikk. Han er frå Stryn i Nordfjord, eit distrikt som dyrkar tradisjonsmusikken både på hardingfele og vanleg fele. Anders Viken sine vakre og krevande komposisjonar vart spelte i radioen i hans unge dagar og var med og styrka interessa hans for felespelet. Med god hjelp frå Arne Viken på mange kurs har han våga seg til å spele ein del av desse slåttane på konsertar og no endeleg på plate. Øyvind Lyslo (1960) er frå Gloppen i Nordfjord og har topp utdanning på klassisk gitar. Han har delteke på ei rekkje CD-innspelingar og konsertar. Samarbeidet mellom Øyvind og Arne starta i 1989. Dei har spelt saman på mange konsertar, og dette er det tredje platesamarbeidet. Øyvind deltek ikkje berre i samspel, men har teke utfordringa og gjort eit par Viken-slåttar om til solonummer for klassisk gitar.