Nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok Faren til Oda triller sykkelen hennar i garasjen. No skal ikkje Oda bruke han meir. Ho har så dårleg balanse, men dette var absolutt siste gong Oda skal falle og slå seg. Det er historia Oda fortel til alle dei som spør. Men både ho og mora veit at sanninga er noko heilt anna. At sanninga er ei historie Oda ikkje klarar å fortelje til nokon. Ikkje til far. Ikkje til læraren. Ikkje til bestevenen, Milad, sjølv om han har opplevd mykje verre ting før han kom til bygda der Oda bur. Smadra er ei ungdomsbok som gjer vondt, men som handlar om å ville gjere godt.
Nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok Faren til Oda triller sykkelen hennar i garasjen. No skal ikkje Oda bruke han meir. Ho har så dårleg balanse, men dette var absolutt siste gong Oda skal falle og slå seg. Det er historia Oda fortel til alle dei som spør. Men både ho og mora veit at sanninga er noko heilt anna. At sanninga er ei historie Oda ikkje klarar å fortelje til nokon. Ikkje til far. Ikkje til læraren. Ikkje til bestevenen, Milad, sjølv om han har opplevd mykje verre ting før han kom til bygda der Oda bur.
Smadra er ei ungdomsbok som gjer vondt, men som handlar om å ville gjere godt.