menu-bar All the categories

109,00 kr

Smarte Bjarte er detektiv. Han har eit hemmeleg kontor på ein hemmeleg stad i ein hemmeleg by. Men Smarte Bjarte er nesten aldri på kontoret. Han har det altfor travelt med å løyse mysterium. Smarte Bjarte er ein av dei aller beste detektivane i verda. I denne boka kan du prøve deg som detektiv. Er du like flink som Smarte Bjarte? Lesenivå blir vist med ugler på baksida av kvart hefte. Lesehefta for 1.-4. trinn er på uglenivå 1 til 11, medan 5.-7. trinn har frå 12 til 16 ugler. Smarte Bjarte er merka med 12 ugler.