menu-bar All the categories

349,00 kr 305,00 kr

30. juni 1938 sto folkeeventyret Smørbukk på trykk i Norsk Barneblad, illustrert med to teikneseriestriper. I nummeret etter var Smørbukk på plass att, lausriven frå folkeeventyret, no med eigen teikneserie i seks små ruter med litt tekst under. Ein ny norsk teikneseriehelt var fødd: Smørbukk! Norsk Barneblad er no månadsblad, så der kan vi lese Smørbukk heile året. I 1941 kom første Smørbukk-heftet til jul, teiknar var Jens R. Nilssen. Då Solveig Muren Sanden teikna det første Smørbukk-heftet sitt i 1960, hadde Smørbukk alt ca. 20 år på baken som juleheftehelt. I sine 70 runde år har Smørbukk hatt tre teiknarar: Jens R. Nilssen (1938-1959), Solveig Muren Sanden (1959-1981) og Håkon Aasnes (1981- ).