Olaug Johanna Vervik Bollestad er nestleiar i Kristeleg Folkeparti, landbruks- og matminister og dronning på Instagram. Bollestad, som fyller 60 år i 2021, er fritalande, frodig og fargerik, og på mange måtar ein utypisk rikspolitikar. Bollestad kjem frå det vestnorske bibelbeltet. I denne boka fortel ho om oppveksten, som var sterkt prega av ei psykisk sjuk mor, om #metoo-erfaringar i misjonsmiljøet og kva som skjedde under «skjebnevalet» til KrF i 2018. På Instagram-profilen @olaugjohanna deler ho fritt og usensurert frå kvardagane sine. Der er ho høg på livet og kjærleiken til mannen, og responsen har vore overveldande. Ei eldre kvinne lærte den unge Olaug Bollestad at det er viktig å snakka sant om livet. Seinare har ho forsøkt å leva opp til ambisjonen, både i familielivet, i politikken - og i denne boka. Kjersti Mjør (f. 1965) kjem frå Kvanndal i Hardanger. Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen og starta journalistkarrieren i NRK i 1989. I dag jobbar Mjør som journalist i Berg