Sondre Ferstad gir ut si andre plate i eige namn. Sunnmøringen trakterar kromatisk munnspel på ein særeigne og lyriske måte, og har skrive lågmælte og snirklande songar for trøorgel, kontrabass, vokal og munnspel. «Songane på plata er bygd opp rundt trøorgelet. Eg elskar den mjuke, ikkje-insisterande lyden. Og lyden av knirking og pedaltrakking. Orgelet kling godt saman med dei andre instrumenta, og har til felles at dei lét godt også i låge volum. Å spele svakt saman gir ein god nerve, synast eg. Eg har alltid likt tvetydighet i musikk; når ein trur at musikken går i ei retning, også snur han ein anna veg. Snirkelsongane har difor blitt til ved å la melodiane ta omvegar og endre kurs. Litt som om dei er i ein labyrint. Det går ikkje så fort, ein kunne kanskje kome til poenget raskare. Men ofte synast eg det er det like greit å snirkle seg fram i eit tog, i staden for å ta turen i luftlinje."" Tekster på Snirkelsongar er skrevet av Heidi Skjerve og Maren Barlien. Sondre Ferstad har tidlegare slept plata «Minimal», med sitt eige Sondre Ferstad Ensemble. Emsemblet har turnert på jazzklubbar og festivalar i Noreg, og samarbeida og turnért med forfattar Lars Saabye Christensen.