Variasjonar over nærleik. Juliane Rui skildrar dei skjøre kontaktpunkta mellom menneska, naturen og dei andre artane på jorda. Mennesket oppstår som ein del av ein samanheng, kopla til familien og til verda utanfor. Perspektiva endrar seg etter kvart som ein blir påverka av tid, minne og relasjonar. I poesien til Rui får vi sjå verda frå nye vinklar og nærme oss andre perspektiv og språk: det til barnet, dyret og naturen.