menu-bar All the categories

339,00 kr 297,00 kr

22 år gamal rømte Marianne Ihlen til den greske øya Hydra saman med forfattaren Axel Jensen. Etter ei tid forlet Axel henne og den nyfødde sonen deira for ei anna kvinne. Ein av desse grå dagane er Marianne i den vesle kolonialen på øya og handlar. Då kjem ein mann bort til henne og spør om ho kan tenke seg å sitte med han på terrassen utanfor. Han presenterer seg som Leonard Cohen. Dette vert starten på ei kjærleikshistorie som varer det meste av 1960-talet, og som tek dei til Oslo, Montreal og New York og attende til Hydra. I denne boka fortel Marianne si eiga historie for første gong. Den er eit medrivande tidsbilete frå eit annleis norsk liv på 1960-talet. Illustrert med private foto, brev og tidlegare upubliserte dikt av Leonard Cohen.