menu-bar All the categories

1739,00 kr 1522,00 kr

Sogn og Fjordane er eit annleisfylke, blir det gjerne sagt. Her veks folketalet seinare enn i andre fylke. Byane er få og små. Men levekåra er betre og tryggare her enn andre stader. Soga om Sogn og Fjordane spør korleis det har vorte slik. Verket tek for seg utviklinga i landskap og bygder som kvar for seg har ei langt eldre historie enn fylket, men set også historia om området i samband med utviklinga utanfor. Band 1 tek til då isbreane drog seg tilbake frå kyst og fjordar, og følgjer folk og samfunn gjennom vikingtid og mellomalder fram til opprettinga av Nordre Bergenhus amt i 1763. Band 2 tek til med opprettinga av Nordre Bergenhus som eit eige amt i 1763, og syner mellom anna kor intenst ressursane innan fylket vart utnytta til livberging for folket i perioden som følgde. Band 3 fortel om dei store endringane i jordbruk, fiske og industri frå siste del av 1800-talet, og om utbygginga av nye kommunikasjonar, institusjonar og organisasjonar som knytte fylket meir saman. Band 4 syner korleis Sogn og Fjordane fekk del i utviklinga av det norske velstands- og velferdssamfunnet i tida etter andre verdskrigen, mellom anna gjennom ei storstilt kraftutbygging. Forfattaromtale: Harald Johannes Krøvel (f. 1970) er høgskulelektor i historie ved Høgskulen i Volda, der han underviser i eldre historie. Harald Endre Tafjord (f. 1973) er førsteamanuensis i eldre historie ved Høgskulen i Volda, der han underviser i mellomalderhistorie. Jan Anders Timberlid (f. 1951) er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og underviser i eldre norsk økonomisk og sosial historie (1600 1900). Han har skrive ei rekkje lokalhistoriske verk. Oddmund Løkensgard Hoel (f. 1968) er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, Sogndal. Han har mellom anna gjeve ut Norsk målreising II. Mål og modernisering 1868 1940 (2011). Hege Roll-Hansen (f. 1967) var tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane då ho skreiv boka. Ho har tidlegare skrive fleire oppdragshistoriske bøker