Rosa. Den mest romantiske blomen av alle. Dronninga i hagen. Bodberaren me tyr til når følelsane er så sterke at me ikkje finn ord for dei. Det å få til eigne roser heime i hagen kan by på utfordringar, spesielt med tanke på dei store klimavariasjonane me har her til lands. Rose-entusiast Solveig Nessa gir i denne boka tips og gode råd til kva slags roser du bør velja, og kva som skal til for å få dei til å trivast akkurat der du bur.