menu-bar All the categories

248,00 kr 217,00 kr

Rosalind er heltinna i denne komedien frå 1599-1600. Ho er dotter av ein hertug som er blitt avsett og fordriven av ein svikefull bror. Far hennar har flykta til Ardennarskogen, medan Rosalind er blitt igjen ved farbrorens hoff. Men så blir ho forelska i Orlando, som også må flykte fordi bror hans vil ha arven hans, og ønskar livet av han. Rosalind blir forvist av onkelen, og drar til Ardennarskogen, forkledd i mannsdrakt, saman med kusina si. Det varer ikkje lenge før dei støyter på Orlando, men Rosalind gir seg ikkje til kjenne. Med etterord av Therese Bjørneboe