Den franske forfattaren Paul Verlaine (1844-96) er blitt ståande som sjølve sinnbilete på den franske symbolismens mest fordrøymde og tåkesvevande uttrykk. Denne Samlinga inneheld dikt frå Saturniske dikt, Galante festar, Den gode song, Songar utan ord, Visdom, Tidligare og nyleg og Tileigningar.