Spadestikk i samfunnsfagdidaktikken
Fagdidaktikken har blitt viktigare i lærarutdanninga gjennom dei siste reformene, og behovet for samfunnsfagdidaktisk innsikt er derfor aukande. I denne fagboka er ei vid forståing av fagdidaktikken lagt til grunn, og det vert peika på at behovet for ny kunnskap og rettleiing er stort både når det gjeld kva faget skal innehalda, og korleis ein skal arbeida med det. Vi har derfor samla nye fagdidaktiske bidrag som tar opp ulike utfordringar og problem i faget. Artiklane gir innsikt i praksis og drøftar vegval og mogelege løysingar. Dei er meint som bidrag til å utvikla norsk samfunnsfagdidaktikk og tar utgangspunkt i vitskapleg forskingsarbeid av dei involverte.Forfattarane har alle bakgrunn frå lærarutdanning, både i høgskule og universitet. Dei representerer både geografi, historie og dei einskilde samfunnskunnskapsdisiplinane, men kapitla tar i stor grad opp tema som er relevante på tvers av den vanlege oppdelinga av samfunnsfaget.Dei tema som vert tatt opp, er demokratisk danning, b