menu-bar All the categories

689,00 kr 549,00 kr

Ein lærer gjennom erfaring. Rettshistorie er retten og rettsvitskapen sitt kollektive minne, som gjer det mogeleg for rettssubjekta og for retten sine profesjonelle aktørar å dra vekslar på tidlegare erfaringar. Slik sett er rettshistoria det stødige fundamentet til ein rett som stadig endrar seg på alle nivå. Retten kan samanliknast med eit hav: På overflata finn ein lov- og rettsreglar, på eit mellomnivå finn ein rettslege prinsipp som at avtalar skal haldast, medan ein på havbotnen finn rettslege grunnførestillingar som det autonome individet. Samla sett utgjer desse tre nivåa rettskulturen. Gjennom å gjera rettskultur til objektet for rettshistoria kan ein setja retten inn i ein heilskapleg struktur slik at samanhengen mellom retten som intellektuell aktivitet og handverk, mellom dei store filosofiske ideane og dei konkrete rettsavgjerdene trer klart fram. Intellektuelt gods, som idear og førestillingar, reiser like lett over geografiske avstandar som materielt gods, og nye metodis