Her presenterer Rasmus Kjorstad eit utval slåttar, i hovudsak gamle feleslåttar, springleikar og hallingar, dei fleste framførde på fela. På plata tolkar Rasmus Kjorstad godleikane sine og viser kva spel- og tonalitetsideal han står for. I tekstheftet plasserer han seg som ledd i ein solid spelemannstradisjon med Erik Bjørke som læremeister og bindeledd til den eldre tradisjonen der Iver Storodden er eit sentralt namn. Saman utgjer plata og tekstheftet alle elementa i det som var og er ei tradisjonell spelstund