menu-bar All the categories

465,00 kr 371,00 kr

Veit du at grammar og glamour har eit felles opphav? Eller veit du noko om grunnlaget for ordklassedelinga vår, dei fem fasane i retorikken, eller dei ulike argumenta for at elevane bør læra seg grammatikk? Ein grunnskulelærar i norsk skal, ifølgje rammeplanane for lærarutdanningane, «ha brei kunnskap om språket som system og språket i bruk». Læraren har dessutan eit særskilt ansvar for elevane sine språklege kunnskapar og ferdigheiter. Språk i skolen introduserer grunnleggjande språklege emne for grunnskulelærarstudenten og norsklæraren: grammatikk, tekstlingvistikk og retorikk. Fagstoffet vert formidla med kunnskap, entusiasme og underhaldande døme. Her er fagkunnskapen brei, vinklinga didaktisk og banda til Kunnskapsløftet tydelege. Denne tredje utgåva av Språk i skolen er revidert og oppdatert. Det vert særleg lagt vekt på korleis elevar kan nytta eigen språkkompetanse for å utvikla eit metaspråkleg medvit som etter kvart kan koplast med grammatisk terminologi. Boka har kapittel på