Språk og nasjon 1739-1868
Første bandet i denne nyskrivne og illustrerte norske målsoga handlar om tilhøvet mellom språk og nasjonale førestellingar i Noreg frå etableringa av allmugeskolane i 1739 fram til 1868. Noreg og Danmark hadde lenge eit felles skriftspråk, men også før Ivar Aasen finst det ei veksande interesse for folkespråk, dialektar og norsk målreising. Hyvik skildrar utviklinga frå ei førnasjonalistisk til ei nasjonalistisk forståing av folkespråket, og drøftar inngåande korleis danske og norske strategar gjennom desse tidlege åra hadde ulike visjonar og planar for språkutviklinga.