Ei underhaldande reise tilbake til norskens opphav, og språkreisa tek til i dag med norskens plass i det globale språksamfunnet. Lomheim guidar oss gjennom det dramatiske tusenåret då urnordisk gradvis gjekk over til å bli norrønt som vikingane så tok med seg ut i Europa, fram til dagens internasjonalt prega norsk. Den kunnskapsrike språkdirektøren syner korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt, og korleis menneska gjennom historia har teke til seg ord og vendingar i takt med nye behov. Reisa sluttar ved å vende blikket framover. Vegen vidare er uviss. Trass i ulike tema og mange avstikkarar har reisa éin tydeleg tråd, og det er at ord og samfunn til alle tider står i forhold til kvarandre. Det er ikkje dermed slik at språket styrer samfunnet – det er samfunnet som styrer språket. Slik var det i steinalderen, og slik er det i skjermalderen. Denne mangfaldige framstillinga av spr