Språksansen - kalender om all verdas språk
Kva skjedde i all verdas språk nett i dag? Kven har sagt noko lurt om språk og litteratur som du kan bruke på bloggen, i lunsjpausen eller i talen? Denne språkkalenderen har svar for alle dagar året gjennom. Kvar dag har ei forteljing frå språkhistoria verda rundt, opplysningar om ein forfattar som blei fødd eller døydde, og eit ord for dagen om språk. Det heile er lagt til rette med overblikk og språkglede, sans for detaljar og glimt i auga. Forteljingane rommar 5000 år og nærmare 300 språk. Som dagane går tek eit fargerikt bilete form, av språk som blir til og vinn posisjonar, endrar seg og tek uventa vendingar. Språksansen er ei overraskande, lærerik og underhaldande bok for fleire enn den språkinteresserte.