«Det er kveld, stilt i vêret, klårt, men det byrjar skumre så smått, for det lid nokså langt på sumaren. Eg er på mosjonstur før eg legg meg, har gått kav ned til kaia og ser på glasfiberbåtane, som ligg bundne til stålfesta (trebryggja er longe borte, tre-båtane likeins). Sjøen skvalpar lett ved baugen deira. Det er eit underleg roande læte, som vekkjer visse assosiasjonar i meg. Eg går ned på kne som snarast, legg notisboka på ein av bryggje-zzstolpane og krotar ned nokre notar før eg reiser meg og går vidare.»Jonas lever av å selja reklametekster, men utan engasjement eller kunnskap om varene han skal reklamere for, tyr han heller til musikken. Han har forlate kona si i Reykjavik og freistar finne fred i eit fiskevær i Austfjordane. Som amatørkomponist trår han etter å gjera om til notar lydar frå klirring av glas, plystring i kaffikjelen eller bølgjeskvalp. Alle slags lydar noterer han, berre ikkje fuglesong; den er det opphavsrett til.«Sørgjemarsjen» er ei forteljing om kreativite