menu-bar All the categories

639,00 kr 509,00 kr

Rogaland har mange gamle namn som er vanskelege å skjøna. Mange av dei inneheld ord som er ukjende for folk flest i dag. Stadnamna er kulturminne som gjev oss opplysningar om natur, samfunn, arbeidsliv og førestellingar i tidlegare tider, og - ikkje minst - om språket vårt. Stadnamn i Rogaland gjev forklaring på dei mest nytta og viktigaste stadnamna og namneledda i Rogaland. Her er òg opplysningar om eldre skrivemåtar og dialektuttale, og tilvising til litteratur der namna er omtala. Inge Særheim er professor i nordisk språkvitskap og tidlegare prorektor ved Universitetet i Stavanger. Han har leia ei stor innsamling av stadnamn i Rogaland og har skrive fleire bøker om dette emnet.