menu-bar All the categories

455,00 kr

Amtmennene, opphavet til den institusjonen vi i dag kjenner som Fylkesmannen, var ektefødde søner av eineveldet. Likevel fekk dei ei nøkkelstilling i den norske staten etter 1814, som det viktigaste bindeleddet mellom kongemakt, storting og regjering på den eine sida og folket og lokale styringsorgan på den andre sida. Dette verket følgjer embetet og embetsinnehavarane gjennom 200 år. Det gjev for fyrste gong ei brei, historisk framstilling av korleis Fylkesmannen har handtert det mangfaldige oppdraget sitt, ikkje minst balansegangen mellom rollene som «statens mann» i fylket og som «fylkets mann» overfor staten. Framstillinga legg vekt på korleis rekrutteringspraksis har endra seg, korleis grensedraginga mot «det politiske» har vore handtert til ulike tider, og kva endringar som er skjedd i organisasjon og styringsverkemiddel. Ein annan raud tråd er Fylkesmannens sentrale plass i viktige prinsipielle systemdebattar, mellom anna knytt til kommunens og fylkeskommunens plass i styringsve