menu-bar All the categories

349,00 kr 305,00 kr

Steintre inneheld 24 små tablåliknande forteljingar frå grenselandet mellom det røynde og det løynde. Gyr.ir Elíasson er ein treffsikker stilist som skapar spenning og temperatur i kontrast mellom det prosaiske og lyriske, det muntre og det melankolske, mellom samtid og fortid, høgkultur og populærkultur. Det byrjar oftast i ein realistisk notidig kvardagssituasjon, derifrå blir lesaren teken med til andre tider og framande stader. Steintre er ein forlaupar for Mellom trærne, som kom ut på norsk i 2011, same året som forfattaren fekk Nordisk Råds litteraturpris. Begge bøkene skildrar intrikate individualistars møte med den moderne masse- og forbrukarkulturen. "Magisk minimalisme ... sublim sprogkunst ... Gyr.ir Elíasson fortjener sin pris." - Jørgen Johansen i Berlingske "... imponerer med stilistisk ordkunst ... Elíasson kan vride en scene af led, ikke så den smælder i en pointe, men tager en umærkelig drejning." - May Schack i Politiken