Liv er 20 år og bur i ei toromsleilegheit med sin eittårige son. Ho skal berre kaste boset, men døra smekkar att bak henne, og inne i leilegheita er den vesle sonen hennar heilt åleine. Den unge mora er hjelpelaus, mentalt forvirra og ute av stand til å løyse vansken med den stengde døra. Tanken på ungen, ungen som skrik, ungen som søv, ungen åleine i senga, kvernar i hovudet hennar. Samstundes med denne marerittaktige historia rullar historia om fortida hennar opp. Stengd gitar er Jon Fosse sin andre roman og kom for første gong ut i 1985. Romanen er seinare omarbeidd for teateret. Jon Fosse er en av de få som med talent og hell prøver å gjøre noe mer ut av romanformen. Stengd gitar er ikke først og fremst en historie, en fortelling, men en skildring, en gjengivelse av en tilstand. Eiliv Eide, Bergens Tidende Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda.