Sterke kjensler og andre dikt
Blant ting og tangI tradisjonen etter Olav H. Hauge og Gertrude Stein har Kristin Auestad Danielsen skrive ei samling dikt om heimstaden, heimen, romma vi bur i, og tinga vi omgir oss med. I eit lett og leikent språk som samtidig er prega av eit eksistensielt alvor, skriv ho om å vere barn, om å bli vaksen og om å vere mor, om fellesskapen mellom mor og dotter og om alle kvardagane som rommar livets drama.