Illustrert meisterverk frå A. O. Vinje.Diktverket Storegut kom ut i 1866 og er eit klassisk verk i den norske bokheimen.Den dag i dag er verket kjent for mange lesarar, som denne strofa frå Det syng fyr Storegut:Den dag kjem aldri at eg deg gløymer;for um eg søver, eg um deg drøymer.Um natt og dag er du like nær,og best eg ser deg når myrkt det er.Storegut var ein historisk person som levde i Telemark på slutten av 1700-talet, og har levd på folkemunne heilt sidan den gong. Mange kunstnarar har late seg inspirere av kjempekaren frå bygdene i Telemark. Denne utgåva inneheld illustrasjonane til Storegut av Harald Kihle og Henrik Sørensen.