menu-bar All the categories

180,00 kr

«Det er altså eg som skriv bygdeboka. Di rolle blir meir som observatør. Eller vitne i ei eventuell rettssak.» I Stør og sjampanjebrus - bygdebok for Bjølledalen losar bygdebokforfattaren lesaren fram til Bjøllestad, ei artig, men lite omtala industribygd i Hardanger. Mellom kultursoge, industrisoge, gardssoge og folkeminne stoggar vi opp ved nærportrett av levande og ikkje levande, tilbake- og framståande bjøllingar, slike som til dømes den usynlege Åsa Migrenen (1945-d.d.), fabelaktige Aslaug Sletta frå Medstrond (1960-d.d.), surpompen Magnhilds-Torstein Dalane (1928-d.d.), eller den briljante nederlandske sluseingeniøren Jan Kuuk (1898-1995). Utan meirkostnad for lesaren er boka utstyrt med personregister og matoppskrifter, i tillegg til ein kopi av Bjøllosongen. Erlend Garatun Huus (f.1967) har skrive bøkene Sjå Ingebjørg - før i tida! (2009), Rock og røyk - Rockesoge frå ein industristad (2011) og Ukjende vestlendingar (2014). Han fekk Odda mållag sin Målpris i 2012.