menu-bar All the categories

119,00 kr

Med utgangspunkt i dei kalde vintrane 2009-2011 og Statnetts utviklingsplan 2010 har Tormod Haugland skrive eit langdikt om straumen som omgjev oss, som vi lever av og med. Eg'et reflekterer over korleis vatn og regn blir til elektrisitet som sidan vert ført over landet, og vi får prosaiske skildringar av kraftmarknaden i Norden. Samstundes blir eg'et gjennomstrøyma av krafta, den finst i orda han skriv, slik den òg finst i maskinene han skriv på, og også slik blir diktet ein hyllest til den livgjevande straumen. Tormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk.