Sætre, Harald Fram og tilbake over fjorden (8281630671)
Frå slutten av 1920-talet og fram til selskapet bytta namn til Tide og seinare vart til Norled, var det Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) som frakta oss og bilane våre over fjorden. Den runde raude rosetten med bokstavane HS var kanskje det best innarbeidde firmamerket på heile Vestlandet.
No er både HSD og mange av ferjesambanda historie og fleire samband kjem til å bli erstatta av bruer og tunellar i tida som kjem.
Dette er historia om korleis det var før, då dei svarte og kvite ferjene med HSD flagg i masta gjekk på kryss og tvers mellom øyar og fjordbygder og slik sydde landsdelen saman.
Harald Sætre har i mange år interessert seg for ferjer og samferdsle i Hordaland. Han har tidlegare skrive boka «Damp, diesel og pågangsmot» og var ein av hovudforfattarane av boka «Eit skip heitte Stord».