Varm og glad i barnehagen! For at ungane skal ha det bra i barnehagen, må dei vere passeleg varme. I denne boka finn du alt barnehageungar treng av strikkeklede, blant anna teppe, luer, vottar, halsar, sokkar, ullbukser, tynne ullunderklede, jakker, genserar, heile dressar og kvardagskjolar. Kleda er tilpassa ulike årstider, men også inne- og utebruk. Alle plagga er strikka i Sandnes garn og er enkle å strikke, praktiske og ikkje minst slitesterke. Oppskriftene er frå 1 til 6 år.