menu-bar All the categories

419,00 kr 349,00 kr

Noregs kanskje fremste internasjonale arkitekt, Leif Grung, tok livet av seg i oktober 1945. Namnet hans var blitt synonymt med landssvik. Han hadde bygd ei rekke hus for tyskarane og tent store pengar. Men det gjekk også rykte om at han hadde vore alliert spion. Kva var sanninga av desse totalt motsette versjonane? Då Nicholas Møllerhaug fatta interesse for Grungs skjebne, tok det ikkje lang tid før dei første åtvaringane kom: «Du må halde deg unna Grung!» Møllerhaug byrjar å leite etter svar i arkiva, og oppdagar at sentrale dokument har blitt borte. Gjennom å ta lesaren med inn i jakta etter spor og vitnesbyrd fortel denne boka ei besettande og tragisk historie om arkitektur, motstand, intriger og misunning. Om forfattaren: Nicholas Møllerhaug er skribent, kurator og festivalleiar i musikklivet. Møllerhaug har budd og arbeidd mange år i Grungs by, Bergen, og har mykje spesialkunnskap om byen og kunstlivet der. Gjennom desse åra har han - av interesse og for eiga rekning - forska og opparbeidd seg tillit og tilgang til ukjende informasjonar og dokumentasjonar som gjeld arkitekten Grung og hans livshistorie.