menu-bar All the categories

490,00 kr

Sund på søre Sotra - slik er kommunen Sund plassert, på den sørlege delen av øya Sotra vest for Bergen. Boktittelen er henta frå ein song av Johannes Kleppevik. Sund var tidlegare eit øy- og kyst samfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gards-bruket kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter i våre dagar. Bruer og vegar er bygde, og det har kome varierte arbeidsplassar og sørvis- og kulturtilbod. Band 1-5 i dette bokverket, utgjevne i åra 2012-16, er gards- og slektssoger for alle matrikkelgardane i kommunen. Det sjette bandet, som du no har i handa, er kultursoga. Ho fortel historia om Sund heilt frå slutten av den siste istida og fram til kommunesamanslåinga i 2020. Her kan ein lesa om korleis menneska levde i steinalderen, og om gards-samfunnet som vart til i jernalderen. Ved overgangen frå vikingtida til mellomalderen vann ein ny religion, kristendomen, fotfeste, og dei første riks-kongane begynte å byggja opp statsmakta med rettsstell og forsvar. Svartedaud