Morosame fakta om muskuløse folk og galne styrkerekordar! I denne boka møter vi Magnus, eit av dei sterkaste menneska i verda, og handbakmeisteren Heidi frå byen Ensamheten i Sverige. Men her er også greske boksarar, «sterke» sirkusmenn, gudar, barnevakter og små, supersterke maurar ... Teksten er full av spennande og morosame fakta, og tek også for seg fordelar og ulemper ved det å vere sterk. Dei spenstige illustrasjonane tilfører tekstane ein ekstra humoristisk dimensjon. Supersterk er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les også: Superrask Supersmart Leseland. FAKTA. Nivå 3.