Kreftene i naturen og menneska.Det er jonsok på den islandske øya Heimaey, og ungdommane feirar på Tollbua. Soley kjem i prat med Vi.ar, og i hamna finn dei ein båt som dei seglar ut på havet med. Å vere to i same båt er nytt og rart, men når sterke naturkrefter blir sleppte laus under dei, kan dei ikkje lenger gøyme seg for kvarandre. Dei må dele på å vere sterke og svake i ei natt som kan bli deira siste.«Surtsey» handlar om forskyvingar i natur og menneske og om kontinentaldrift og famlande kjensler.