Ein tilårskomen sauebonde svarar på brevet frå elskarinna som bad han flytta med henne til byen ein gong i tida. Det har teke lang tid å svara, og det er mange val som må svarast for. Han flettar slarv frå bygdelivet inn i saftige forteljingar om det han kallar paringstida i livet sitt. Gamal kjærleik og erotiske minne blandar seg med soger om gløymde lik, lågføtte vêrar og dagen då Farmall-traktoren kom. Svar på brev frå Helga, er historia om det livet som aldri vart realisert og dei vala me tek. Om den tapte kjærleiken, men også om ein tapt kultur, slik me ser han gjennom auga til sauebonden Bjarne. Denne kritikarroste boka har teke Island med storm, og er no under omsetjing til fleire språk. Han vann den Islandske bokhandlarprisen i 2010 og var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Boka vart dramatisert for scena på Island i 2012, og er i 2019 aktuell på Hordaland teater, og på Riksteatret. Eit filmmanus er under arbeid og går snart i produksjon. Svar på brev frå Helga er