menu-bar All the categories

129,00 kr 112,00 kr

Dersom historia Karine Mollurd fortalde, var sann, måtte folket hennar hatt ein faen så god grunn for ikkje å oppspore han tidlegare. Han hissa seg plutseleg opp ved tanken på at dei hadde latt han i stikken i så mange år. Dei hadde sete trygt med familieeigedom og visst om at det fanst ein som ikkje hadde fått sin del. Ein som vart fornekta! Hadde det ikkje vore for Karine Mollurd, hadde han fått gå gjennom resten av livet like uvitande. Men kvifor hadde ho bestemt seg for endeleg å ta kontakt? Dette handla om meir enn arv, det kjende han seg sikker på. Kva var det ho ville bruke han til? Med vantru høyrer Sjur Tveit ei ukjent kvinne fortelje at ho er tanta hans, og at han har utsikter til ein større arv. Tanta, Karine Mollurd, fortel at farmora hans nettopp er død, og at testamentet snart skal gjerast kjent. Sjur Tveit reiser til bygda og til garden Mollurd. Dagen etter blir ein familiemedlem funnen drepen. Familieforholda er gjennomsyra av hat og vondskap og ulykkelege lagnader, og