Svikta igjen! Iris er så skuffa over pappa. Han har sagt at han skal koma på framsyninga. Iris og vennene i klassen har øvd i vekevis! Men ein dag ringer pappa og seier at han ikkje får det til. Iris hadde slett ikkje trudd at pappa og mamma skulle skilja seg. Dei krangla jo ikkje eingong! Men så gjorde dei det likevel. No vil ikkje pappa sjå henne danse og syngja, slik han lova. Iris har skrivebøker fulle av historier ho har dikta, og ho bestemmer seg for å hemna seg på pappa. Men så skjer det noko som endrar alt.